Drømmeseng for ein på 4år?

Happy smiling woman with curly hair lounging on couch.

Ikkje godt å vite kva drømmesenga til ein gutt på 4år er. Men me tror at denne senga laga med kjærleik frå ein handy pappa kanskje er det? Om du tenker kvifor me har så trang til å alltid lage ting og tang, så la meg fortelje deg kort om akkurat det.Det byra med vugga til eldstemann, eg hadde sett ei moderne stilig vogge men den kosta tusen vis av kroner og stod ikkje akkurat høgast på prioriterings lista når me i tillegg var i gang med å bygge huset vårt, så da googlet mannen min korleis ein kunne lage ein oval og knekte koden og byrja på det aller første møbelet, i dag er det blitt mange unike møbler.Mens me bygde hus hadde eg lyst på eit spisebord på 3meter slik at eg kunne ha mange rundt bordet, er nemleg glad i invitere på mat og hygge. Eg ønska meg eit bord med heile dekksider, det nærmaste bordet eg fant blei for dyrt så utan at eg visste det byrja min handyman å lage dette i all hemmelegheit til meg som innflytning og julepresang. Og det kunne ikkje ha passa bedre for me flytta inn 22 desember og hadde invitert heile hans familie på julaften til middag.Min mann, Egil Kvalevaag forstod vel da at han kunne meir enn å snekre hus. Han kunne lage møbler han sjølv hadde tegna og utforsket med forskjellige materialer. I seinare tid har han laga trapperbetong møbler, møbler i kryssfiner og senger til alle våre 3 gutar.

DSCF0355-e1532459594233.jpg

Drømmeseng

Nyeste møbelet er nettopp «mittimann»si seng, ei seng me aldri har sett maken til. Me hadde sett for oss at den skulle sveve i eine enden, men blei for tung, og siden me aldri har nokon fasit liggande foran oss så blir ting litt til mens me held på.Tanken var at ungar elskar å leike og utforske og det blei da til at Egil laga ein tunnel som ein kunne krype gjennom for å komme opp til senga, og sjølvsagt med stige på innsida. Men i denne tunnelen kan ein også få plass til ei madrass om ein har overnattingsbesøk. I «tunnelen» har me laga små vindauger slik at ein kan få lys og luft inn. Me leser på senga til gutane våre men det er litt vanskeleg for oss vaksne å komme oppi senga så da har me laga ei lita hul under senga slik at ein kan sitte å lese der. Me har brukt reste kapp til bunn og klippet og limt skumgummimadrass oppå, stoffet er eit rimeleg stoff få jysk som me har stifta på baksiden av bunnen, ved å gjøre dette så blir det mjukt og behagelig i rygg og å sitte på.For å få tilknytning til møbelet har alle 3 gutane våre fått vere med å male den og skru inn klatre knagger. At dei maler på innsida av senga og me yttersiden tenkjer dei ikkje på, det som er viktig er å bidra og lære av tidleg alder at det er kjekt å skape noko.

Forrige
Forrige

Tid for hage